Vi pussar opp for 86 milliardar

Kvar tiande norske heim skal leggje nytt golv i år.

Kvar tiande norske heim skal leggje nytt golv i år. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Ingen i Europa bruker meir pengar på oppussing enn nordmenn.

DEL

Ferske tal viser at nordmenn kjem til å pusse opp hus og hytter for 86 milliardar kroner i år.

Ingen andre land i Europa bruker meir pengar på oppussing enn nordmenn. Ifølgje Prognosesenteret kjem norske huseigarar til å bruke i alt 76 milliardar kroner på oppussing av heimen i 2017, og i tillegg kjem ti milliardar kroner på oppussing av hytter. Det er ein auke på tre prosent frå året før. 

– Vi kartlegg alt av privat oppussing, og trenden er klar: Nordmenn har aldri før brukt så mykje pengar på oppussing. Mykje av beløpet går til måling, oppgradering av bad og kjøkken, men ein vesentleg del går også til nye golv, seier Bjørn Erik Øye i Prognosesenteret. 

I år kjem kvar tiande heim til å leggje nytt golv, totalt 8,1 millionar kvadratmeter med parkett, klikkvinyl, tarkett, belegg, teppe og furugolv.

– Spanjolane ønskjer for eksempel at golvet skal vere så spegelblankt som mogleg. Russarane er på jakt etter gullskjær, medan vi nordmenn går tilbake til naturen. Det skal vere autentisk og ekte, seier André Sunnevåg Olsen, som er ansvarleg for golv i Fargerike. 

– Golv er det viktigaste møbelet du har i eit hus. Du kan måle og tapetsere vegger, men golvet hever standarden i alle hus og leilegheiter, hevdar Sunnevåg Olsen. 

Han ser ei klar dreiing blant nordmenn i kva som no er trendy.

– Vi har gått bort frå dei blanke, glatte parkettane til meir rustikke golv med struktur. Golva kan framleis vere behandla, olja, voksa eller lakka, men det skal helst vere naturtru golv der strukturen er synleg. Det handlar om levd liv – med sine furer og linjer, det handlar om kvist og struktur, årringar og fargespel, påpeikar André Sunnevåg Olsen.

Artikkeltags