Øyvind Strømmen Kjerpeset (25) er for tida i Skara i Sverige der han sesongdebuterer på det kjende Skara Racet. Dette er den første sesongen der han konsentrerer seg om 100 og 200 meter. Stemnet i Sverige er oppladningen til Florø Friidrettsfestival førstkomande laurdag.

I det første heatet slo han til med den nest raskaste tida sett av ein nordmann i år. 10.60 var der han hadde håpa å vere tidsmessig, men teknisk var det langt frå optimalt, seier han på telefon frå stadion.

Dei beste sprintarane i Skandinavia er på plass i Skara, og med tanke på at tre svenskar stor i EM finalen på 60 meter i vinter, så viser det at nivået høgt.Kjerpeset er beste nordmann i stemnet som går på den svenske nasjonaldagen. Med 10.60 var han klar for B-finalen.

– Eg var ikkje nøgd med starten, akselerasjonen var ikkje som eg hadde håpa på, men på slutten kom farten, seier Kjerpeset som kom i mål på sterke 10.60. Dette er berre tidelen bak Jonathan Quarcoo (21) frå FIK Orion. Den kjappe 21-åringen frå Bodø har 10.48 som best i år.

– Eg har sagt at målet mitt er pers, så med full klaff i finalen så ønsker eg å komme ned på 10.40-talet. Det handlar om å få teknikken til å stemme, seier Kjerpeset. Det vart skjerping av tida i finalen med fem hundredelar til 10.55.