«Bluefin» henta inn sine siste 78 makrellstørjer

Bluefin leverer makrellstørje.

Bluefin leverer makrellstørje. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Og no er makrellstørjefisket stoppa.

DEL

Reiar og skipper Atle Magne Nekkøy fortel til Fiskeribladet at dei no har sikra seg det resterande av kvoten på 42 tonn. Det var god timing, sidan fisket blei stoppa klokka 10 torsdag.

Dei har levert i fleire vender og fekk inn dei siste 78 størjene no onsdag ved Ona på Møre.

- Vi såg at det var mykje i stimen vi kasta på, så vi var budde på å sleppe ut fisk. Vi let kring 30 sleppe ut att, fortel han.

Denne fangsten rusar dei til 14 tonn og reknar med å bikke litt over totalkvoten på 42 tonn. Dei reknar med å få 100 kroner kiloen netto i snitt for fangsten, noko som kan gje ein netto på over fire millionar kroner.

Nekkøy håpar å få prøve seg på størjefiske neste år også. Han meiner det er grunnlag for eit vidare fiske, sidan det er mykje størje å sjå i havet.

- Det er veldig interessant å sjå mønsteret for korleis størjene bevegar seg. Dei held ein fart på 3,5 til 4,5 knop i fart. Plutseleg kan dei snu 40 grader styrbord eller babord, og finn seg ein flekk med makrellyngel. Då går dei i full fart gjennom stimen, et og så held dei fram på akkurat den same kursen som dei gjekk opphavleg. Dei må ha ein veldig god radar, seier fiskeskipperen, som no må ta til med meir kvardagsleg fiskeri på sild og makrell.

Les også:

Leverte 49 makrellstørjer i helga

«Det var ein heilt fantastisk stemning då vi såg vi hadde størje i nota»

Endeleg traff dei! 

Artikkeltags