«Bluefin» trekte vinnarlodd, får fiske makrellstørje i år

«Bluefin» og skipper Atle Nekkøy er klar for nye eventyr med størjenota.

«Bluefin» og skipper Atle Nekkøy er klar for nye eventyr med størjenota. Foto:

«Bluefin» frå Florø er ein av vinnarane i loddtrekninga om å få fiske makrellstørje i år.

DEL

I 2020 kan til saman 11 fartøy, der åtte er ringnotfartøy og tre linefartøy, delta i fisket etter makrellstørja.

Fiskeridirektoratet har gjennomført loddtrekkninga, som også er grunnlag for ei rulleringsliste. Det betyr at dei som er med kan få opsjon på eit ekstra år. Det er avhengig av storleiken på den norske kvoten.

- Det har vore stor intereesse for å delta i dette fisket, og ei rulleringsliste gir båtane sjansen til å planlegge fisket betre, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Makrellstørje

  • Makrellstørje er den største tunfiskarten.
  • Den kan vege over 700 kilo, bli tre meter lang og halde ein toppfart på 70 km/timen.
  • Den er eit av dei dyraste fiskeslaga i verda, og er særleg ettertrakta i Asia.

Norsk totalkvote i 2020 er på hele 311,95 tonn. Av dette går 256 tonn til ringnotfartøy og 19 tonn til linefartøy. Det er også avsett 24,95 tonn til bifangst av makrellstørje i fisket etter andre arter i 2020. Det er avsett totalt 6 tonn til merk- og slipp og rekreasjonsfiske i 2020, og 6 tonn er avsaet til forsking på makrellstørje.

Følgende fartøy får tillatelse til å fiske makrellstørje i 2020:


Not under 40 meter

Albacore SF-3-A

Vestbris SF-50-G

Hillersøy SF-246-A

Spjæringen Ø-300-H

Bluefin SF-12-F

Orfjord M-58-AV

Sjarmør- SF-17-SU

Not over 40 meter

Brennholm H-1-BN

Linefartøy

Pilen M-16-SM

Fugløybuen- N-328-G

Rosøy SF-25-S








Artikkeltags