Blir nedringt av arrangørar som lurer på om dei må avlyse grunna korona-virus

Kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale

Kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale Foto:

FLORØ: – Ikkje ring meg! Det er kommuneoverlege Jan Helge Dale si klare oppfordring til arrangørar som vurderer om dei må avlyse på grunn av korona.

DEL

Han blir no nedringt om alle slags typar kurs, møter og eventar, der arrangørane vurderer avlysing på grunn av koronaviruset.

– Arrangørane bør først gjere ei eigenvurdering, og tenke seg nøye om. Er arrangementet så viktig at ein må ha det no?, seier kommuneoverlegen.

– Det er fritt fram, og av og til ganske lurt, å tenke sjølv. Viss ein som arrangør tenker at ein bør avlyse, så gjer det. Viss ein likevel er i stuss, så har Folkehelseinstituttet utarbeidd ein matrise for risikoanalyse som arrangørar kan gå igjennom, opplyser han.

Folkehelseinstituttet har gått ut med ein anbefaling om at alle innandørsarrangement med 500 eller fleire personar vert avlyst.

For alle offentlege arrangement med meir enn 100 personar, er det anbefalt å gjennomføre ein risikovurdering. Denne vurderinga må arrangøren sjølv gjere. Skjema for risikovurdering ligg her: Råd ved arrangement og samlingar

– Har ein gjennomført den, og framleis er usikker på om ein skal halde arrangementet, så kan ein sende den utfylte matrisen til meg på e-post, så skal eg sjå på den, lovar Dale.

Risikoanalysen kan sendast på e-post til jan.helge.dale@kinn.kommune.no

– Eg greier rett og slett ikkje å svare på alle telefonane eg får no, seier kommuneoverlegen.


Artikkeltags