Melde dommaren inn i Blindeforbundet

VERVA: Dommeren vart verva i Blindeforbundet av florøsupportarane etter at han missa ein hands i andre omgang borte mot Strømmen søndag.

VERVA: Dommeren vart verva i Blindeforbundet av florøsupportarane etter at han missa ein hands i andre omgang borte mot Strømmen søndag.

- Eg lukta heldigvis lunta, seier Martin Smedstad i medlemsavdelinga i Norges Blindeforbund.

DEL

Det var irritasjon på tribunen på Strømmen stadion søndag då Florø spelte den viktige kampen mot Strømmen i Obosligaen. Det toppa seg då Strømmen-keeperen tok ballen langt utanfor 16-meteren utan at dommaren tok affære.

– Det er utruleg at dommaren ikkje fekk med seg det, seier florøtrenar Terje Rognsø. For om han hadde sett regelbrotet ville heimelaget fått ein mann utvist og redusert til ti mann med ein halvtime att å spele.

Kreativt tiltak

Det var no nokre av florøsupporterane på tribunen som fann ut at det mått vere ein naturleg grunn til at dommaren ikkje såg hendinga. Så dei verva dommaren like godt inn i Norges Blindeforbund.

På vervesetelen var det oppgitt namnet på dommaren og telefonnummeret til Firdaposten.

Du kan ha glimt i auget sjølv om du jobbar i Blindeforbundet

Martin Smedstad, Norges Blindeforbund

På medlemsavdelinga i Blindeforbundet lukta dei lunta av det muntre tiltaket på Strømmen-tribunen.

Firdaposten fekk ein hyggeleg telefon frå Martin Smedstad i forbundet. Han hadde lagt to-og-to saman. Han meinte likevel det var viktig å ta kontakt med lokalavisa for å få presisert at det ikkje er heldig at Norges Blindeforbund blir utnytta på denne måten.

Tok det med godt humør

– Det er ikkje første gong ein dommar har blitt innmeld i Norges Blindeforbund, og det har vel vore gongar eg sjølv meiner dommarar på norske fotballbaner har hatt utfordringar med synet, seier han og tek innmeldinga med godt humør.

For som han seier, du kan ha glimt i auget sjølv om du jobbar i Blindeforbundet.

– No var dette rett etter ei fotballrunde og når vi googla og fann ut at den verva var dommar i Norges Fotballforbund. Då skjøna vi at her var det nokre som ville lage eit poeng. Men likevel, det skal ikkje vere nødvendig for oss å bruke tid på dette. Det styrkar heller ikkje vårt omdømme om vi blir misbrukt, strekar Martin under.

No skal det leggast til at måten den fiktive innmeldinga vart møtt på, er akkurat korleis ein styrker eit omdømme. 

Artikkeltags