Gå til sidens hovedinnhold

Bli med på Siv, June og Johanne sin sykkeltur langs kysten frå Trondheim til Florø

Siv Aune er nettopp ferdig utdanna lektor i kroppsøving og idrettsfag ved NTNU i Trondheim. Etter fem år i studentbyen takkar ho for seg ved å sykle heim til Florø. Med seg på laget fekk ho to venninner frå Florø som begge studerer i Bergen. June Osland Melvær og Johanne Jacobsen Standal tok turen opp til Trondheim, fekk frakta syklane med Hurtigruta, og heiv seg på sykkelsetet saman med Siv.