Bli med på Firdaposten sin vesle musikkfestival – heime i di eiga stove!

    FLORØ: Sjå 19 lokale musikarar opptre her på Firdaposten.no.

    DEL

    Vi er inne i veldig spesielle tider no, der mange ikkje tør vere ute på grunn av smittefare. Andre kjenner på brakkesjuka etter ein månad i sosial isolasjon. Foreldre må balansere heimekontor eller jobb med barn som skal følge heimeundervisning.

    Musikk har ein fin evne til å lindre i tunge tider, men det blir ikkje arrangert konsertar i Florø med det første. I alle fall til 15. juni vil det vere forbode med store folkesamlingar.

    Men ingenting kan hindre oss frå å ha konsertar heime i vår eiga stove. Vi har difor utfordra 19 lokale – og eit par «florøvenner» – til å vere med på ein liten konsert berre for deg. Kvar og ein har filma eit musikalsk innslag og sendt den til oss.

    Her blir det alt frå internasjonale artistar, det blir eit par premierer og musikk frå både pop-sjangeren, det blir klassisk musikk, rock, korpsmusikk og song frå flinke kulturskuleelevar.

    Desse er (med tidsmarkør):

    00.00: Arne Hjorth Johansen.

    04.30: Martin Malkenes.

    09.41: Sunniva.

    14.00: Florø hornmusikk.

    16.10: Eliot Bronson.

    18.22: Fryd.

    22.08: Alice Hugøy.

    24.00: Dag Nesbø Frøyen.

    27.31: Helena Bjarkadottir.

    30.19: Benjamin Mellingen Thuen.

    34.41: Rakel Johanne Glosli.

    36.03: David E. Antonsen.

    38.45: Oda Alisøy.

    42.18: Jorunn Bakke Nydal og Sanya Dukanac.

    45.04: Viveka Kanagalingam.

    45.55: Andrew Leahey.

    50.11: Halvard Lunde.

    53.00: Marija Kadovic.

    57.25: Lisa Bremnes.

    Artikkeltags