Gå til sidens hovedinnhold

Bli med Fjordglytt på tur i Florøbassenget

Artikkelen er over 1 år gammel

Torsdag kveld mønstrar vi på MF Fjordglytt med kamera og streamingutstyr for å ta med lesarane våre på ein båttur rundt i skjergarden utanfor Florø.

Det blir ein lokal utgåve av Hurtigruten minutt for minutt, men sjølvsagt i mykje mindre skala. MF Fjordglytt dreg frå Fugleskjærskaia i Florø klokka 20.00, og skal vel etter rutetabellen vere tilbake i byen igjen rundt klokka 21.45.

Her blir det høve til å sjå det vakre kystlandskapet rundt oss, i ro og mak heime i di eiga stove. For ein stor del utan plagsam plapring. Berre motorlyd, sjøsprøyt og kanskje eitt og anna måkeskrik. Så får vi berre håpe av vêrgudane spelar på lag og sørger for at bilda blir ekstra fine.

Velkommen om bord!

Her kjem direktesendinga, og du vil også finne den på framsida i god tid før båten går.

Kommentarer til denne saken