Rundt klokka halv eitt måtte ein politipatrulje sette kusten mot Hjørnevikbua i Florø sentrum. Der blei det meldt om ein ung mann som oppførte seg aggressivt mot andre gjester.

– Då patruljen kom til staden, var personen borte. Men seinare på natta, i totida, hamna vedkomande i bråk igjen. Då blei det utøvd vald mot ein annan person, og vi har vore i kontakt med offeret i saka. Førebels er ingen anmeldt i saka, seier etterforskingsleiar Kåre Toreid.

Den unge mannen blei vist bort frå staden av politiet.

I løpet av natta måtte politiet handtere ein annan valdsepisode. Ein person skalla ned ein annan person, ein mann i 20-åra. Offeret blei teken med til legevakta, og i denne saka er gjerningspersonen ukjend.

– Eg vil kalle natta relativt roleg. Vi har sett ei positiv utvikling dei siste åra når det gjeld vald og valdsbruk i utelivet. Det har nok ei klar samanheng med at færre går på byen no enn før, og at det også er færre skjenkestadar. Folk har funne andre arenaer å vere sosiale på, seier Toreid.