Atle (42) går frå SFE til BKK

FLORØ: To frå Sunnfjord blir ein del av BKK Nett si leiargruppe.

DEL

BKK Nett har sett saman ei ny leiargruppe, og Atle Isaksen og Arild Fleten blir ein del av leiinga.

BKK Nett riggar no ein heilt ny organisasjon for selskapet som sikrar straum heim til 250.000 kundar i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Vi organiserer oss for eit stort, nytt selskap som dekker store delar av Vestlandet frå Sunnhordaland i sør til Sunnfjord i nord. Då er det viktig at leiargruppa representerer heile Vestlandet, seier konstituert leiar av BKK Nett, Ketil Tømmernes.

Fredag blei sju leiarar offentleggjort. To av desse er Atle Isaksen og Arild Fleten.

Frå SFE til BKK

Atle Isaksen (42) blir leiar for nettforvaltning og utvikling. Han vil mellom anna få ansvar for å forme felles løysingar for drift og vedlikehald av heile straumnettet til BKK Nett. Det inkluderer også å ta i bruk ny teknologi i straumnettet.

Isaksen er i dag divisjonssjef netteigar i Sogn og Fjordane Energi (SFE). Han har jobba 16 år i SFE Nett, og er utdanna sivilingeniør i elkraftsteknikk frå NTNU. Isaksen bur i Florø, og vil jobbe frå Førde.

– Atle har alt det vi ser etter i ein som skal leie forvaltninga og utviklinga av straumnettet vårt på Vestlandet. Han har solid fagleg bakgrunn, og høgt leiarnivå, seier Ketil Tømmernes i ei pressemelding.

Regionsjef

Arild Fleten (46) blir leiar for ein av BKK Nett sine fire nye regionar. Han får ansvaret for BKK Nett nord for Sognefjorden, inkludert Ytre Sogn og Sunnfjord. Fleten er i dag konstituert direktør for Sunnfjord Energi, og har vore nettsjef i Sunnfjord energi mellom 2015 og 2019. Han er utdanna sivilingeniør frå NTH, og har tidlegare vore forskar i Marintek/Sintef.
Fleten vil jobbe frå Førde.

– Arild har solid erfaring som leiar. Han kjenner både BKK og Sunnfjord Energi godt, og vil bidra til utvikling av det nye selskapet, seier Ketil Tømmernes.

BKK og Sunnfjord Energi fusjonerte i 2019. 15.800 strømnettkunder i Sunnfjord blir som følge av dette kopla opp til BKK Nett sitt straumnett.

Artikkeltags