Går imot «frie» flyruter til Florø

Bakkemannskap har mindre å gjere for tida med ein god del kanselleringar.

Bakkemannskap har mindre å gjere for tida med ein god del kanselleringar. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Høgre si fraksjonsgruppe i Transportkomiteen på Stortinget seier nei til å konkurranseutsetje alle flyrutene i Sogn og Fjordane.

DEL

Det er høgst velkoment nytt for Høgre si gruppe i Flora, som saman med Høgre i Førde og i Gaular møtte Transportkomiteen onsdag.

- Der fekk vi klare signal om frå ein samrøystes komité om at heile flytrafikken i Sogn og Fjordane ikkje skal konkurranseutsetjast denne anbodsrunden, seier Bjørn Hollevik i Flora Høyre.

Dette er i tråd med vedtaket som vart fatta i bystyret i slutten av oktober i fjor. Der presiserte dei at Flora kommune ønskjer at flyging til og frå Florø framleis skal vere konsesjonsstyrt med dagens tilbod. Men dei krev også at det blir oppretta flyruter til Kristiansund, Trondheim og Stavanger med minimum to avgangar per dag.

Om lufthamnene skal kommersialiserast eller ikkje blir bestemt av regjeringa ein gong før 1. april. Den nye anbodsrunden byrjar nemleg 1. april neste år. Ifølgje Hollevik tyder dette at regjeringa har teke omsyn til kritikken frå førre anbodsrunde. Då reagerte mellom anna Jesper Rungholm i Danish Air Transport på at fristen frå ein har fått konsesjonen til ein skal gå i gang med rutene var alt for kort, berre åtte til ti veker. Den gongen svara statssekretær John-Ragnar Aarset (H) at dei skal ha ein betre prosess ved anbodsrunden som kjem no.

Artikkeltags