Bistandsministaren skryt av Flora vidaregåande skule: –Alle skular i Noreg burde hatt eit prosjekt som dette!

Torsdags ettermiddag kom bistandsminister Dag Inge Ulstein (KrF) for å høyre om samarbeidet mellom Flora vidaregåande skule og prosjekta i Malawi.

DEL

– Det er fantastisk å få høyre om ungdommar som har prosjekt, og folk som jobbar med å elektrifisere hus, yrkesopplæring og utveksling på slike plassar som Malawi, sa bistandsministaren til Firdaposten.

Dag Inge Ulstein har sjølv vore i Malawi, og seier at det er kjekt å høyre frå dei som jobbar med prosjekta om korleis dei opplevde det.

Skulen har ei eiga elevbedrift som heite Prosjekt Malawi UB og gjennom det har elevane etablert yrkesskule, eit kultursenter som heiter Nkhotakota Youth Organisation (NYO), og eit solenergiselskap. I tilegg er det eit utvekslingsprogram gjennom Norec (tidlegare Fredkorpset). Der lærerar frå Malawi kjem til Flora VGS i eit år, og lærarar og forretningsutviklarar frå Florø har reist til Malawi. I år er det Ireene Mbuna og Steve Kapatuka som er i Florø.

– Alle skular i Noreg burde ha hatt eit prosjekt som dette. Å komme her til Florø å møte Ireene og Steve, lærerar, elevar og alle i Norec så verkar det som at løysingane på verdas problem kjem her i frå. Men det kjem også frå Nkhotakota. Det er det fine og spesielle med prosjektet, for det handlar om å lære av kvarandre og det er veldig inspirerande. Å høyre kva de har bidratt til her i Florø er fantastisk, sa bistandsministeren.

INSPIRERANDE: Bistandsminister Dag Inge Ulstein ser på føredraget.

INSPIRERANDE: Bistandsminister Dag Inge Ulstein ser på føredraget. Foto:

Kjekt å få heider

Rektor på Flora Vidaregåande skule Knut Christian Clausen seier at det var ein triveleg minister som kom på besøk. Clausen seier at ministeren hadde mange interessante observasjonar og gode spørsmål til lyttande elevar.

– Eg syns det er kjekt at elevane og dei som jobbar hardt kvart år for å få dette til å skje får den heideren det er å få ein minister på besøk, seier rektoren.

STORFINT BESØK: Bistandsministaren synast det er fantastisk alt Prosjekt Malawi UB har fått til.

STORFINT BESØK: Bistandsministaren synast det er fantastisk alt Prosjekt Malawi UB har fått til. Foto:

Ireene Mbuna frå Malawi og er gym og engelsk lærar på skulen for eit år. Ho seier det er fantastisk å vere her i Florø, og synast det er interessant å ha bistandsministeren på besøk.

– Det er interessant fordi han er oppe i systemet, så at han er interessert i det vi gjer er veldig bra. Det var kjekt å høyre at han er imponert, seier Mbuna.

Steve Kapatuka er også på utveksling som lærar i matte, kantine og IT assistent.

– Det er flott at ministaren sa så fine ting om prosjektet mellom Norge og Malawi, seier Kapatuka.

Torgeir Halvorsen synast at det er kjekt at elevane og Norec deltakerane frå både Noreg og Malawi får lov å presentere prosjektet for ministaren.

– Det er kult at ein 18-år gammal elev kan få snakke framfor ein minister. Eg gjorde ikkje mykje av det når eg var 18 for å sei det slik, seier Halvorsen.

STORFINT BESØK: Anette Kent Vågene fortalde om Prosjekt Malawi UB for bistandsministaren

STORFINT BESØK: Anette Kent Vågene fortalde om Prosjekt Malawi UB for bistandsministaren Foto:

Anette Kent Vågane var 18-åringen som fekk fortelje om Prosjekt Malawi UB for bistandsministeren.

–Det var ekstremt kjekt og veldig stas å ha ministeren på besøk i dag. Det er veldig kjekt at eit prosjekt som vi brenne veldig for får den merksemda det fortena frå ein slik viktig person som ministeren, seier Kent Vågene.

Artikkeltags