Politiet vurderer no moglegheita for undervassøk ved hjelp av ROV/Sonar. Det melder Firda.

I etterkant at dette vil det bli planlagt eit større utvida søk i området, som frivillige vil stå for. Dette melder politiet på Twitter. 

Det var torsdag i førre veke at båten til den sakna blei funnen drivande ved Osstrupen bru, nær Høydal.

Då vart det sett i gong leiteaksjon med både Røde Kors, politiet, dykkarar og redningshundar. Men så langt har søket etter den sakna vore utan funn.