Konfirmantane armerte seg med bøsser

BØSSEBERARAR: - Tenk om det var ditt barn som ikkje hadde reint vatn, seier Mathilde Sande Storevik, Sondre Westbø Solberg og Joakim Frøyen Sandvik.

BØSSEBERARAR: - Tenk om det var ditt barn som ikkje hadde reint vatn, seier Mathilde Sande Storevik, Sondre Westbø Solberg og Joakim Frøyen Sandvik. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Årets konfirmantar tar eit krafttak i lag med Kirkens Nødhjelp for å gi reint vatn til folk som treng det.

Tysdag ettermiddag gjekk dei rundt i Florø med bøsser.

- Ver med å hjelpe oss og hjelpe andre som treng det, seier tre av konfirmantane som måndag ettermiddag er innom glassgata på ungdomsskulen for å armere seg med bøsser: Mathilde Sande Storevik, Sondre Westbø Solberg og Joakim Frøyen Sandvik.

- Tenk om det var ditt barn som ikkje hadde reint vatn, held dei fram.

Ifølge Kirkens Nødhjelp gir hjelpeorganisasjonen reint vatn til meir enn éin million menneske kvart år. 200 kroner er det som skal til for å gi vatn til éin person.

Konfirmantane heldt fram til klokka 20.

- Er du ikkje heime, eller manglar kontantar, kan du vippse pengane til 2426, seier gjengen før dei hiv seg ut i vinden.

Artikkeltags