Framleis ingen spor etter sakna

Kystvakta leitar etter ein mann ein reknar med er omkomen i Høydalsfjorden.

Kystvakta leitar etter ein mann ein reknar med er omkomen i Høydalsfjorden. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Kystvakta leitar med ubåt og drone, men enno har ein ikkje funne Randulf Bendiksen, som ein reknar med er omkomen.

DEL

Leiteaksjonen har no pågått i ti dagar, etter at båten til den sakna vart funnen drivande ved Osstrupen bru i Høydalsfjorden.

– I dag vil Kystvakta drive overflatesøk, dessutan skal ein sjekke ut nokre renner og grunnar i fjorden. Om veret blir slik at ein har nytte av det, vil det bli leita med drone også, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved politiets operasjonssentral i Florø til Firda.

Funnen drivande

Det var torsdag for ti dagar sidan at båten til Randulf Bendiksen (55) vart funnen drivande tom i fjorden ved Osstrupen bru, nær Høydal, innanfor Stavang. Båten er ein liten skjergardsjeep med vindskjerm. Den vart funnen nær brua på fylkesveg 542.

Politiet reknar med at mannen er omkommen.

Drone og ubåt

Til dels store mannskap frå Røde Kors har vore med i leitinga etter den sakna, men førebels altså utan resultat. Kystvakta har og bistått, og det har vore brukt drone, fjernstyrt undervassbåt og sonar i leitinga.

– I dag er det berre kystvakta som leitar. I morgon skal det vere eit planleggingsmøte der der ein legg ein strategi for søket framover, seier Gulliksen.

Artikkeltags