Bilulykke ved Eikefjord

Av

FLORØ: Naudetatar har rykka ut til ei bilulykke på Riksveg 5.

DEL

Klokka 16.04 melder politiet over Twitter om ei bilulykke på Riksveg 5 ved Eikefjord.

Naudetatane skal vere på staden.

Ifølge politiet er det ei singelulykke, der ein bil og ein person er involvert. Det skal ifølge politiet vere glatt vegbane på staden. Ein person får tilsyn av ambulansepersonell.

Føraren skal ha fått sleng på bilen på det glatte føret, og dermed sklei han ut av vegbana og inn i ein fjellvegg, fortel Vest politidistrikt. Føraren blei sett til av ambulansepersonell på staden, og tatt med til sjukehuset i Førde for nærmare undersøking.

Airbag blei utløyst, og ingen andre bilar eller personar var involverte i uhellet.

Ulykka skjedde ved Knapstadbakkane. Det var manuell dirigering etter ulykka, men vegen er no opna for fri ferdsel igjen.

Artikkeltags