I morgontimane i dag har kommunen og naudetatane hatt krisemøte om dødsulykka i Florø fredag kveld.

Tre ungdommar omkom i ulukka.

– Ein ungdom i ten-åra og to tidleg i 20-åra omkom i den tragiske ulykka. Det er to gutar og ei jente, opplyser politistasjonssjef Wenke Hope.

Den eine ungdommen er frå Florø. Ein av dei to andre omkomne er frå ein nabokommune til Kinn.

– Foreldre og pårørande er no varsla, fortel Hope.

Ho seier vidare at politiet vil halde fram med tekniske undersøkingar på ulykkesstaden utover dagen.

Møteulykka skjedde rett vest for rundkøyringa på Krokane på innfartsvegen til Florø. Den eine bilen tok fyr umiddelbart etter kollisjonen, og dei tre i den bilen klarte tragisk nok ikkje å komme seg ut av bilen.

Firdaposten kjem med meir informasjon seinare.