Gå til sidens hovedinnhold

Bilist køyrde rett inn i butikklokale i Måløy

Søndag kveld enda ein personbil heilt inne i eit butikklokale i Gate 1.

Kva som gjekk så gale for bilisten som enda opp med å køyre tvers gjennom eit utstillingsvindauge i ein butikk i Måløy søndag kveld, blir det no opp til politiet å finne ut av.

I går kveld i halv ti-tida rykka både politiet og Kinn redning ut til den aktuelle adressa, der dei fann ein personbil ståande midt i lokalet. Då hadde den knust ein låg betongkant og eit stort vindauge, heldigvis utan at nokon kom til skade.

Ifølgje Vest politidistrikt skal det heller ikkje vere fare for at bygningen kan kollapse.

Det skal ha vore to personar i ulukkesbilen.

Til Fjordenes Tidende seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker at politiet no vil granske kva som var årsaka til at køyreturen enda som den gjorde.

Kommentarer til denne saken