Seint onsdag kveld var utrykningspolitiet på plass i Førde. På E39 nær Bruland i Førde målte dei ein bilist til heile 106 kilometer i timen.

At fartsgrensa på strekket berre var 70 kilometer i timen gjorde ikkje ting betre for bilisten, som blei fråteken førarkortet. Det melder Vest politidistrikt via sin twitterkonto.