Du har nå sett Sjå bilde frå redningsøvinga i Florø søndag
Sjå bilde frå redningsøvinga i Florø søndag
Artikkelen er over 4 år gammel
Søndag ettermiddag var det ei rekke naudetatar og redningsfolk i sving nord for Flora. Dei øvde på kva dei skal gjere om uhellet er ute, og ein rutebåt går på grunn. For kva skjer om ein rutebåt i Florø går på grunn i høg hastighet? Mange passasjerar er skadd eller sakna og båten tek inn vatn? Dette er eit scenario som Røde Kors Hjelpekorps, Røde Kors-båten, RS Halfdan Grieg, RSRK Simrad Buholmen, CHC redningshelikopter, redningsdykkarar frå Vågsøy, ambulansetenesta, politiet, Kystvakta KV Tor og Florø Skyssbåt øvde på søndag ettermiddag.