Sjå kven som var på opning av kunstutstillinga "Eg kjem jo eigentleg derifrå eg..."

26. mai 2019, kl. 14:37

KULTUR: Bildekunstnar Britt Smelvær har teke turen frå København til Florø med utstillinga «Eg kjem jo eigentleg derifrå eg ...". Smelvær er godt kjend i Norge og Danmark for eit aktivt og produktivt kunstnarskap. Ho er oppvaksen på Årdal i Sogn, men har nære slektsband til Stavøya og Smelværet ytst i Sunnfjord. Mange av motiva i utstillinga er henta frå området rundt Florø. Her er nokre glimt frå opninga av utstillinga på kystmuseet fredag kveld, der eit kulturinteressert florøfolk gjekk mann av huse for å vere med.