Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bilde frå opninga av julemarknaden i Torggata

07. desember 2019, kl. 11:51

JUL: Varaordførar Jan Henrik Nygård sto for opninga av julemarknaden i Torggata fredag kveld. Fryd song jula inn, og i buene la seljarane siste hand på verket, medan dei selde varer til dei første kundane. Å få julebyen på plass er mykje jobb, mykje logistikk, og mange detaljar, men dei rakk det i år også. Laurdag er det fullt program i teltet med sal av gløgg, kakao, kaffi og anna i julebaren i juleteltet. Det er det ein av ungdomsbedriftene ved Flora VGS som står for. Koret Gnist skal opptre klokka 13, Amadeus Trio spelar klokka 14, og klokka 16 blir det minikonsert med Alice Hugøy.