Sjå bilde frå julegrantenninga i Florø

01. desember 2019, kl. 19:34

Sterk vind i sentrum sette ein effektiv stoppar for gang rundt juletreet under julegrantenninga søndag ettermiddag. Det var rett og slett for sterk vind til at juletreet kunne flyttast ut i krysset, slik det var planlagt. I staden vart det gang rundt Frelsesarmeen si gryte, midt i Victoriakrysset, mens vinden røska godt i både juletreet ved banken og i teltduken til julemarknaden sitt telt i Torggata. Sludd- og haglbyger gjorde sitt til at dei fleste frammøtte ikkje blei så lenge i sentrumsgatene. Torget vert framleis brukt til parkering, difor er det ikkje juletre der i år heller.