Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bilda frå Øyane Over

26. mai 2019, kl. 23:19

Første gongen Øyane Over vart arrangert var 22. mai i 1977. Det betyr at denne turen, som må seiast å vere sjølvaste flaggskipet til Flora Turlag, har vore på programmet i over 40 år. Astrid B. Eliassen har vore turansvarleg dei siste åra, og det er eit stort arbeid med logistikk og planlegging. Turen vert arrangert i samarbeid med Indre Sunnfjord Turlag. I år var det 115 turglade vandrarar som blei med på turen. Det betydde at dei trong både Øyservice og Dagning for å få plass til alle som ville vere med og gå. Turen gjekk frå Hovden, via Batalden og Skorpa, før dei enda opp på Kinn.