To tusen i teltet laurdag

SILD I TØNNE: Det var 2000 menneske i Festivalteltet då Kaizers Orchestra avslutta FotballFlora 2008 laurdag kveld.

SILD I TØNNE: Det var 2000 menneske i Festivalteltet då Kaizers Orchestra avslutta FotballFlora 2008 laurdag kveld.

Artikkelen er over 9 år gammel

Det var over 2000 menneske i festivalteltet då Kaizers Orchestra stod for finalen for FotballFlora 2008. Dermed vart årets fotballfest i Florø ein ny suksess for feriefestivalen i Florø.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

- Dette vart berre heilt strålande, kom det frå ein lykkeleg Tage Herstad søndag. Han hadde nettopp kome attende med helikopter i frå Stadlandet der han saman med nokre av Liverpool-legendene hadde opna ei fotballbane. Både spelarane og fans som hadde kom langvegsfrå for å få med seg festivalen hadde gitt Herstad lovprising for dei dei hadde opplevd i Florø denne helga.

Per Øyvind Helle var også stornøgd med festivalen totalt sett, men hadde ikkje full oversikt over inntektene og oppslutninga søndag.

- Dette har vore ei strålande helg, kunne han i alle fall konkludere med.

Nokre meinte det var feil at bandet "Det Betales" spelte først på laurdagskvelden. For bandet som speler kjente The Beatles slagarar har fått rotfeste i Florø etter fire år som finaleband. Såleis ytte ikkje dei få hundre som hadde kome til det svære teltet bandet rettferdigheit så tidleg på kvelden. Dei kunne truleg på eigahand fylt teltet då festivalen i seg sjølv ville trekke mange. Men dei kunne ikkje akkurat klage på konsertprogrammet dei som sette kurs for parkeringsplassen bak Amfi-senteret laurdag.

Gav alt

Glenn Hughes frå Deep Purple har spelt på dei største scenen i verda. Men sjølv om han er kalla "The Voice of Rock" og er ei levande legende, var han ikkje for stor for Florø. Han gav publikum valuta for pengane og fleire vi snakka med hevda dei hadde fått si største musikalske oppleving då Hughes gjekk av scena og avslutta Europaturneen med å rope "I love you" til publikum i Florø.

Størst

Men dei fleste av publikum kom for Kaizers Orchestra som ikkje skuffa. Rett nok var lyden i høgaste laget, men for eit band som har blitt store mellom anna ved å banke på oljefat og skrapjern med metallstenger.... treng gjerne høg lyd for å kommunisere.

Stavangerbandet som blir kalla det største livebandet i landet (saman med Turboneger) skuffa ikkje, og dei 2000 i teltet sette tydeleg pris på det dei fekk servert i frå scena.

Artikkeltags