Gå til sidens hovedinnhold

Blårøyk og jubel i Svelgen

Artikkelen er over 12 år gammel

Sol og show, dans og blårøyk er ein vinnarresept. Denne henta Svelgen Amcar klubb opp på nytt og det gjorde Svelgentreffet til nok ein suksess.

For mange entusiastar er Svelgentreffet ein fast post på kalenderen. Dei kjem gjerne langvegsfrå med bilane sine og treffer andre Amcar entusiastar i Svelgen. For i Svelgen er Amcar miljøet djupt forankra. Sidan desember 1992 har dei vore ein organisert klubb og hatt Svelgentreffet som sitt høgdepunkt. For mange i Svelgen er også Amcartreffet eit høgdepunkt. Liv og røre i sentrum, dans, show og mange tilreisande.

Show

I tillegg til Cruicing og og utstilling som høyrer med til eit AmCar-treff, er også minidragracing og 4x4 show i Kupa noko som har skapt interesse.

Minidrag-konkurransen var venta å bli ein kamp mellom Frode Pilskog i sin Bel Air 57 og Dag Havn si Corvette 80.

Tjuvstarta

Havn kom aldri til finalen då han var for kjapp på gassen i semifinalen.

- Det vart nok litt for mykje adrenalin på meg i dag, fortalde ein glisande Havn som ikkje tok nederlaget tungt.

Dermed gjekk Pilskog av med sigeren og kunne heve pokalen. Med sine 1050 hestekrefter under panseret var sigeren kanskje ikkje så uventa. Men under konkurransen fekk vi også oppleve ein mellomaksling ryke då ein deltakar skulle "burne" for å varme opp. Det førte til at bilen måtte skubbast i mål. Stor jubel sjølvsagt.

Sprenging

Motorspringinga var av fleire dei vi snakka med høgdepunktet. Og arrangøren skuffa ikkje i år heller. I forkant hadde dei laga eit humorshow der ein sherriff stogga ein rånar. Etter dette blåste dei motorblokka på begge bilane til himmels.