Frå og med 1. januar 2018 tar forsikringsselskapa over innkrevjing av årsavgifta for motorkøyretøy.

Samstundes skiftar den namn til Trafikkforsikringsavgift (TFA). I praksis vert den tidlegare årsavgifta omgjort til ei avgift på trafikkforsikring. Fastsetjing av avgiftsklassane er det Stortinget som vedtek i Statsbudsjettet.

- Det er kun den praktiske delen av innkrevjinga som er overført til forsikringsselskapa. Ordninga gjeld for køyretøy opptil 7500 kg. Køyretøy over denne vektklassen betalar vektårsavgift til Skatteetaten som før, fortel Leidulv Finden, Forsikringsansvarleg i Vik Sparebank, i ei pressemelding.

Det er fleire grunnar for denne endringa. Fyrst vil det gje innsparingar for myndigheitene, då dei ikkje treng å administrere innkrevjinga lengre. Den andre grunnen er at ordninga vert meir fleksibel for forbrukaren. Den tredje grunnen er kanskje den viktigaste for oss forbrukarar. Det er eit aukande problem at over 100.000  køyretøy, dagleg køyrer rundt  på vegane i Norge utan ansvarsforsikringa som alle registrerte køyretøy er pålagde etter Bilansvarslova (BAL) sin § 15.

Vert dekka av TFF

Skadane desse uforsikra køyretøya representerar vert dekka av Trafikkforsikringsforeningen (TFF). TFF er ein pool samansett av forsikringsselskapa i Norge. TFF sine utgifter vert difor i neste omgang velta over på alle som har orden på forsikringane sine.

- For å koma dette problemet til livs er det frå 1. januar 2018 etablert eit regime der Trafikkforsikringsforeningen  (TFF) får ei sentral rolle i kommunikasjonen mellom dei ulike aktørane: alle Forsikringsselskapa,- Biltilsynet,-Toll og avgiftsdepartementet. All informasjon mellom desse aktørane går gjennom TFF. Ein kan sei at TFF sit med den fulle oversikta for at køyretøya har betalt årsavgift, har gyldig ansvarsforsikring, samt koordinering med Biltilsynet når køyretøy skiftar eigar , vert avregistert eller kondemnert, fortel Finden.

(Saka held fram under bildet)

 

Tidlegare var det forsikringsselskapa som annullerte forsikringa når køyretøy skifta eigar. Heretter vil den annulasjonen føregå automatisk når Biltilsynet mottek melding om eigarskifte. Så når melding om eigarskifte er sendt Biltilsynet, både frå kjøpar og seljar, så vil det gå melding til TFF som vil annullera ut forsikringa automatisk i forsikringsselskapet ditt.

Difor vert det no enno viktigare at seljar melder inn sal av køyretøyet (www.vegvesen.no) og fyl opp at kjøpar gjer sin del av jobben. Går noko skeis her vil seljar sin forsikring løpa vidare til alt er i orden. Ingen stoppar denne før alt er ordna.

Dagsbøter

Frå og med 1.mars 2018 vil det verta utferda dagbøter på kr 150 pr dag som køyretøyet ikkje har gyldig ansvarsforsikring. Dette er det TFF som koordinerar og tiltaket er ein lekk i arbeidet med å få dei uforsikra køyretøya vekk frå vegen.

- Dagbøtene vil påløpa uansett, der årsak er manglande lovpålagd forsikring. For deg som forbrukar betyr dette at du må vera nøye med formalitetane kring køyretøyet ditt, seier Finden.

Tidlegare måtte ein betale avgifta i si heilheit før den 15. mars kvart år. Det var registrert eigar pr. 1. januar som var ansvarleg for at avgifta vart betalt, dette sjølv om køyretøyet også skifta eigar før 15. mars.

- Den nye ordninga vert slik at du som forbrukar kun betalar for den tida du har køyretøyet registert i ditt namn. Sel du køyretøyet så stoppar innkrevjinga i ditt namn og innkrevjinga vert overført til ny eigar. I og med at innkrevjinga no fyljer forsikringa har du høve til å velja avtalegiro med månadlege trekk og på den måten få delt opp årsavgifta i månadlege trekk. For mange vil dette vera ein stor fordel, påpeikar han.