Når dette skjer, då er det vår!

Vårmønstring, AmCar, 2018

Vårmønstring, AmCar, 2018 Foto:

Søndag er det duka for den årlege vårmønstringa til Florø amcar-, veteran- og gatebilklubb.

DEL

Vårmønstringa finn stad på parkeringsplassen på Eurospar på Krokane.

Det kjem både amcarar, veteranbilar, gatebilar og motorsyklar til mønstrinta.

– Det blir same opplegg som tidlegare år, med sal av kaffe, brus og kioskmat, prisutdeling, strålande vêr og hyggeleg stemning, slår arrangørane fast.

Det kostar 100 kroner å stille ut ein bil, og halvparten å stille ut ein MC.

For tilskodarar er det gratis inngang.

Sjå bilde frå vårmønstringa i fjor:

Artikkeltags