Bil tok fyr inne i tunnel – E39 mellom Førde og Bergen er stengt

DEL

Politiet melder at dei like over klokka 14 fekk melding om brann i ein bil som stod inne i Eikefettunnelen på E39 mellom Bergen og Førde, skriv Firda.

Meldinga gjekk på at personane som var i bilen hadde komme seg ut, og at dei hadde sløkt brannen.

Tunnelen vart stengt, og alle naudetatar rykte ut.

Klokka 14.45 opplyser politiet at ingen er komne til skade i samband med brannen. Bilen det brann i står inne i tunnelen, som framleis er stengt.

Sjølv om det ikkje lenger er tett røyk i tunnelen, så må tunnelen sjekkast for eventuelle skader og politiet må gjere åstadundersøkingar. Tunnelen blir stengt til dette arbeidet er ferdig.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken