Bil tatt av gigantras i Våtedalen

STORT RAS: Ein bil vart teken av raset i Våtedalen.

STORT RAS: Ein bil vart teken av raset i Våtedalen. Foto:

Av
DEL

FIRDA: Eit stort snøras har gått over vegen og sperrar E39 i søre enden av Våtedalen i Gloppen.

Det melder Vegtrafikksentralen.

Snøraset blir opplyst å vere 150 meter breitt og omlag 5 meter høgt.

E 39 er no stengt på staden.

Ein bil er tatt av raset. Førar var åleine i bilen. Han er ute av bilen og ser ut til å vere OK, melder politiet. Han klagar over smerter i ryggen, og blir sett til av helsepersonnell.

– Trafikken står i begge retningar. No kjem dei og skal evakuere oss. Eg kan ikkje snakke med deg lenger, seier ein innringar.

Det har førebels ikkje lukkast oss å få bilder frå staden. Bilde kan sendast til redaksjon@firda.no.

Firda kjem tilbake med meir.


Artikkeltags