Klokka 17.45 fekk politiet melding om ein trafikkulykke på Rv614 ved Indrehus/Gulevegen.

Ein bil med to personar har snurra rundt etter ha vore i grøfta/fjellvegen, melder politiet på Twitter. Begge personane er ute av bilen og oppegåande. Dei står fram som uskadd.

Bilen står i eit køyrefelt, men det er passasje for annan trafikk. Politiet er på veg til staden, det ser ikkje ut til at det er behov for verken ambulanse eller brannvesen.

Bilbergar er rekvirert. Politiet veit enno ikkje noko om kva som er årsaka til hendinga.