Politiet melder like før klokka fem torsdag ettermiddag om ei trafikkulukke i Svelgen.

Det er snakk om ein bil som ligg på taket i grøfta like utanfor Storefosstunnelen.

Det var to personar i bilen - begge er ute.

Trafikken går delvis uindra forbi, skriv politiet, som er på veg til staden.