Halv eitt i natt melde Vest politidistrikt via Twitter om ei bilulykke på Magnhildskarvegen.
Ulykka skal ha skjedd like før midnatt, og både politi og brannvesen rykka ut til det som viste seg å vere ei singelulykke med ein person og ein bil involvert.
– Det enda godt, utan personskade. Men bilen fekk seg ein god del skadar og var ikkje køyrbar, seier Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Firda.
Dahl-Michelsen fortel at det hadde gått eit lite ras i området, og at bilen truleg trefte småstein og jord i vegbana før sjåføren mista kontrollen over bilen.
Airbagane skal ifølgje politiet ha løyst seg ut i bilen, og biføraren var vaken og med medvit då beredskapspersonellet kom til staden.
Sakal blei oppdatert klokka 07:46.