Gå til sidens hovedinnhold

Bil krasja på riksveg 5

Sjåføren forklarte at han skulle gjere ein unnamanøver- enda opp med å køyre ned skilt.

(Firda)

Politi og bergingsbil er på plass etter at politiet kom over ein bil med materielle skader ved riksveg 5 ved Brandsøy utanfor Florø.

Dette skjedde like etter klokka 16.00 laurdag.

– Dei fann ein bil med materielle skader, som stod parkert i vegkanten, men det var ingen sjåfør til stades, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Bilen hadde også køyrd ned eit skilt.

Politiet ville prøve å kome i kontakt med sjåføren, men så viste det seg at vedkommande sjølv hadde meldt frå om hendinga to timar tidlegare same dag.

– Sjåføren er uskadd og har forklart at han gjorde ein unnamanøver då han krasja i skiltet, fortel operasjonsleiar.

Ulykka skjedde ved avkøyrsla til Solheim. Bilen står i vegkanten og hindrar ikkje trafikk på staden.

Det er uvisst om det blir oppretta sak.