Gå til sidens hovedinnhold

Bil krasja i Måløybrua

Ein bilist var uheldig i morgontimane i Kinn sin nordlege hovudstad.

I morgontimane tysdag køyrde ein bil inn i autovernet på Måløybrua, melder Fjordenes Tidende.

Bilen sperra delvis brukryssinga, og det danna seg kø på begge sider.

Men ingen kom til skade i samanstøyten, og bilen blei raskt fjerna, seier tenesteleiar Nils Bakke ved Måløy lensmannskontor til Fjordenes Tidende.

Kommentarer til denne saken