Klokka 23.32 onsdag kveld fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Florø. Ein bil skal ha køyrt i ein mur i Evjegata.

Politiet har kontroll på både førar og passasjer. Det er ikkje nokon personskade, men politiet mistenker at det er snakk om ruskøyring.