Klokka 20.08 onsdag kveld melde politiet på Twitter om ein trafikkulykke på Ausevikvegen, mellom Store Høydal og Graveneset.

Politiet rykker ut, til det som skal vere ein bil som har køyrt av vegen. Det er ein del snø i vegbana, og glatt på staden, så skal du den vegen lyt du køyre forsiktig.

Det er ikkje melde om personskade.