Om lag fem minutt på 01.00 melde 110 Vest om ein trafikkulykke ved Grovastøylen.

– Brannvesenet rykker ut frå Eikefjord, melde dei.

To minutt seinare fortalde Vest Politidistrikt på Twitter at dei har fått melding om trafikkulykka klokka 00.41.

– Naudetatane er på veg til staden etter melding om ei trafikkulykke. Ein bil involvert. To personar involvert. Bilen ligg på sida, skriv dei i meldinga.

Skadeomfanget på dei involverte er ukjend.

Ifølge Vegtrafikksentralen vest er det redusert framkommelegheit grunna ulykka. Dei oppgir fylkesveg 614, Manghildskarvegen mellom Grov og Norddalsfjord bru som ulykkesstad.

Ulykka skjedde i ein sving rett før Norddalsfjordbrua, på sørsida. I følge Bergens Tidende har bilen sklidd av vegen på glatt vegbane.

– Brann og ambulanse er framme på staden, oppdaterte politiet om lag klokka 01.00

Bilen ligg ikkje på sida, slik det blei melde om tidlegare. Personane som er involvert i ulykka er bevisst og ute av bilen. Litt seinare er også politiet på staden.

– Førar blir frakta til legevakta i Florø for nærare sjekk, melder politiet om lag 01.40.

Bergingsbil blei tilkalla, og klokka 02.07 melder politiet at dei er ferdige på staden.