Gå til sidens hovedinnhold

Bil i fjellveggen

Like etter klokka 04.00 natt til laurdag kom politiet over eit trafikkuhell ved Svarthumlevatnet på Rv. 5.

Der hadde ein bil køyrd i fjellveggen. Som følge av dette var det store materielle skadar på bilen, men det er ikkje meld om personskade.

Dette melder Vest politidistrikt på Twitter.

Politiet opplyser om at bilbergar har henta bilen.

Kommentarer til denne saken