Gå til sidens hovedinnhold

Bil i fjellveggen på Riksveg 5

Bil skal ha køyrt rett i fjellvegg ved Valeberg i Sogndal onsdag kveld.

Klokka 18.52 onsdag melder Vest politidistrikt om ei trafikkulukke på Riksveg 5 aust om Sogndal.

Ulukka skal ha skjedd på Valeberg på Kaupanger.

Ein bil skal ha køyrt i fjellveggen, og naudetatane er på veg til ulukkesstaden.

Føraren skal vere ute av køyretøyet, men førebels er skadeomfanget uavklart.

Oppdatering klokka 1925: Politi og ambulanse har no vore på ulukkesstaden. Bilberging er gjennomført, og trafikken flyt som normalt.

Kommentarer til denne saken