Gå til sidens hovedinnhold

Bil i fjellvegg i Bremanger

FIRDA: – Ein bil med ein vaksen og eit barn skal ha køyrt inn i ein fjellvegg. Dei skal ikkje vere alvorleg skadde.

Det opplyser vaktoperatør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen vest like før klokka fire torsdag ettermiddag. Hendinga skal ha skjedd i nærleiken av Rugsund kyrkje.

– Dette skal ha skjedd i nærleiken av ein stygg sving, seier Drotningsvik.

Operasjonsleiar Per Algrøy seier det er litt uklart kva som har skjedd, men seier sjåføren har meldt inn at dei blei pressa av vegen av ein lastebil.

Kommentarer til denne saken