Vest politidistrikt melder om kollisjon mellom to bilar på riksveg 5 i Florø like før klokka 23 fredag kveld. Ein bil er i brann etter kollisjonen. Det er ein stressa situasjon for naudetatane, og ein er usikker på om det sit folk i bilen som brenn. Ulykka skal ha skjedd like ved rundkøyringa på Krokane på riksvegen.
Oppdatering kl 23.39: Vest politidistrikt melder på X/Twitter at det var totalt fem personar i dei to bilane som var involvert i ulykka.
I bil nr 2 var det tre personar. Denne bilen er utbrent og brannen er sløkt. Naudetatane arbeider på staden og vegen er stengt. Store materielle skadar på bilane. Ukjent årsak til hendinga.
Dei to som var i den eine bilen er frakta til Sentralsjukehuset i Førde. Det skal vere ein mann og ein kvinne skriv Bergens Tidende. Dei er bevisst og lettare skadd i følge politiet.
Politiet har førebels ikkje gitt informasjon om tilstanden til dei tre i den utbrente bilen.
Oppdatering kl 00.55: Dei to som blei brakt til sjukehuset i Førde var ein mann i 50-åra og ei kvinne i 40-åra. Begge er bevisst og lettare skadde.
Firdaposten kjem tilbake med meir informasjon.