Gå til sidens hovedinnhold

Bil har køyrt i fjellveggen

Ein bil har hamna i fjellveggen i nærleiken av Bygstad.

Ein person er skadd etter ei trafikkulukke ved Eidavika i Bygstad i Sunnfjord kommune.

Vest politidistrikt melde om ulukka på sine twittersider klokka tre fredag ettermiddag.

Ulukka skal ha skjedd i samband med ei passering av eit anna køyretøy, men det skal ikkje vere andre bilar involvert i sjølve ulukka.

Ein ambulanse er på staden og tek hand om bilføraren, som var åleine i bilen.

Kommentarer til denne saken