Dommar-duoen Ove Sørestrand og Eilert Årseth brukte lykt og lupe då dei studerte ulla til 32 flotte vêrlam under kåringssjået i Høydalen i helga.
Men det skal meir til enn ein fell av rett kvalitet for å sleppe gjennom nålauget som avlsvêr.
Kropp, beinstilling og rasepreg er nokre av dei andre eigenskapane som vert vurderte. Dei vêrane som scora tilfredsstillande på eigenskapane fekk eit lilla klips i øyret, som synleg bevis på at dei er funne verdige til å kunne føre genane vidare.
Dyra med dei høgste poengsummane innan kvar rase kunne i tillegg smykke seg med sløyfer etter kåringa, og den kvite sløyfa er den aller gjævaste.
Vêren som var best av dei beste og hadde den høgste poengsummen i Høydalen laurdag, var sjevioten nr. 20217.
Eigar er Bjarte Jakob Eikevik, og det vanka gode ord frå dommarane, pokal frå Nortura og ein god porsjon heider og ære.