I ein aksjon mot ulovleg fiske i Vestland fylke vart det gjort 58 beslag av ulovlege fiskereiskapar.

Aksjonen vart gjennomført av Fiskeridirektoratet, Kystvakta og Statens naturoppsyn (SNO) frå Måløy-området og sørover til Fensfjorden i gamle Hordaland. Mange av beslaga ber preg av manglande kunnskap blant fritidsfiskarane.

– Vi ser altfor ofte at vi tar beslag i teiner som tilsynelatande kjem rett frå butikken og der fluktopningar er feil eller blokkert, eller det manglar rømmingshol. Alle som skaffar seg reiskap som til dømes teiner, ruser og garn må sørgje for at dei er oppdaterte på regelverket, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest på nettsidene til direktoratet.

I dei fire dagane aksjonen gjekk føre seg vart det teke beslag i 54 teiner, tre garn og ei ruse. Det er innlevert 14 meldingar til politiet.

– Vi oppmodar alle som sel fiskereiskap til fritidsfiskarar til å gjere kundane merksame på at det er stilt krav til merking av reiskap og til fluktopningar og montering av rotnetråd. Med betre informasjon håpar vi at talet på saker skal gå ned, seier Iden.

(©NPK)