Gå til sidens hovedinnhold

Beskjeden frå AP er klar: Ikkje kødd med sjukeløna!

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Under denne pandemien har vi vore heilt avhengige av at dei som blir sjuke held seg heime. Då meiner vi det blir drøyt å straffe vanlege folk med kutt i lønna.

Det er ikkje så veldig mange i kommunane våre som lever av børsen. Her jobbar ein i helse og omsorg. I skule og barnehagar. I industri, bygg, transport og mykje meir. Når venstre og høgrepartia no går til angrep på sjukelønsordninga, så er det vanlege arbeidsfolk som får svi.

Med tanke på kor ofte dette framlegget kjem, så må høgrepartia vere rimeleg gira på å gjere desse kutta. Men erfaringa viser at det er dei med lågast løn som er mest sårbare for sjukelønskutt. Når budsjettet er stramt, blir kutt i inntekta verre å takle. Husleige og mat, barnehage og straum blir ikkje ei krone billegare sjølv om du har fått korona eller influensa.

Allereie for 43 år sidan, då Arbeidarpartiet fekk på plass sjukelønsordninga, var det rettferd som var motivet. Dei som jobba i de best betalte yrka kunne allereie ordne seg. Vi ville at dette skulle gjelde alle. Men vi har også fått ei viktig påminning det siste året om kva det betyr for tryggleiken vår. Når folk blir sjuke, bør ein ikkje gå sjuke på jobb.

Kutt i sjukeløna vil vere ei amerikanisering av arbeidslivet vårt. Det ville vere gale nok til vanleg. Når pandemi og sjukdommane brer om seg tendera kuttet til galskap. Vi har sett nok av eksempel frå andre land der dei tilsette som jobbar med sårbare grupper ikkje har hatt råd til å halde seg heime med sjukdommen sin. Konsekvensane er katastrofale.

Då er det sjølvsagt at det kjem eit skarpt og kontant svar frå Arbeidarpartiet. Vi forsvarer retten til full løn under sjukdom, og vil aldri kompromisse på dette.

Etter åtte år med meir peng til dei som har mest, og dyrare barnehageplassar og kutt i pendlarfrådrag til folk flest, så er angrep på sjukelønsordninga frå høgresida er det siste vi treng.

Det vi treng er eit skifte. No må det bli vanlege folk sin tur.

Kommentarer til denne saken