Skal du til eller frå Bergen i dag? Då bør du lese dette

Her ville det normalt sett kjørt tusenvis av biler onsdag morgen, men nå er E39 helt stengt for trafikk.

Her ville det normalt sett kjørt tusenvis av biler onsdag morgen, men nå er E39 helt stengt for trafikk. Foto:

Av

E39 i Sandviken har fått store skader og er stengt etter at det gjekk hol på ein vassledning. Det fører til trafikale utfordringar i Bergen.

DEL

BA: Ved 23-tida tysdag kveld blei hovedfartsåra E39 stengt i Sandviken i sørgåande retning. Det er frykt for at dei store vassmassene kan ha ført til store skader under E39, og vegen er derfor stengt på ubestemt tid.

Konsekvensen er at det blir full stopp for trafikken frå Åsane og omland mot sentrum. Alle bussane blir også råka.

– Dette vil få store konsekvensar for ferdselen på morgonen og dagtid onsdag, fastslår politiet.

Den stengde strekninga er mellom bomstasjon i Sandviken og avkøyrselen frå E39 mot Bergen sentrum. Nordgåande retning av Fløyfjellstunnelen blir ikkje påverka.

Dette er anbefalinga frå Vegtrafikksentralen

Einaste omkjøringsmoglegheita dersom du skal frå nord til sentrum, er Hardangerveien via Arna og Nesttun.

Det betyr at dei mange tusen trafikantane som kvar morgon køyrer på E39 i Sandviken, må snirkle seg gjennom dei tronge Grimesvingane.

– Vi anbefaler at alle som skal frå Nesttun til Arna/Åsane køyrer E39 og Fløyfjellstunnelen nordover. Hardangervegen kjem til å vere ekstremt sårbar for hendingar, så vi ber om at nordgåande trafikk held seg unna, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen klokka 04.25.

Politiet støttar oppfordringa frå Omdal.

– Det spørst om dei har guts til å opne vegen utan å grave den opp

Firda billag har dagleg fleire avgangar til og frå Bergen.Trafikksjef Frode Romarheim seier til Firda onsdag morgon at reisande til Bergen kan bli ein halvtime forseinka.

Bergen kommune har sendt ut innbyggarvarsel for å åtvare om utfordringane. Vegtrafikksentralen har kalla inn dirigentar som skal vere på plass i enkelte knutepunkt, samtidig som omkøyringa er skilta på Vegvesenet sine digitale tavler ei rekke stader.

– Dersom nokon vurderer det, så er det ikkje vits å forsøke å komme seg forbi i Sandviken. Dei vil bli stoppa, fastslår Omdal.

Skyss: Store omleggingar

Skyss varslar om at det vil bli ei rekke innstilte avgangar. Vy er også varsla, fordi kaoset kan få betydning for pågangen på toga mellom Arna og Bergen.

Gjennom natta jobba Skyss med å finne alternative løysingar for busstrafikken som blir lamma.

– Det blir store omleggingar i busstrafikken onsdag morgon. Vi oppdaterer fortløpande på skyss.no og oppfordrar folk til å sjekke reisemoglegheitene der, og berekne god tid, seier Gudrun Einbu i Skyss i ei pressemelding.

Politiet: – Ta gjerne heimekontor

– De som kan ha heimekontor blir oppfordra til det, seier innsatsleiar Casper Kaland i politiet til BA.

Politiet ber alle som skal nordfrå om å starte tidlegare enn vanleg, og oppfordrar samtidig folk til å unngå sentrumsturen dersom det er mogleg.

Vegvesenet og geolog skal undersøke området og massane under E39 når det blir lyst. Først etter det vil ei mogleg opning av E39 vurderast.


Artikkeltags