No må vi gå i takt

Eivind Hjellum er profilert Kystveg-forkjempar.

Eivind Hjellum er profilert Kystveg-forkjempar.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Samferdsledebatt: Det er både skuffande og meir enn merkeleg viss Firda refererer rett frå eit møte med E39-ordførarar at dei «fryktar konkurransen frå Kystvegen». Ifølge Firda var visst Jenny Følling den einaste som ikkje frykta Kystvegen, medan Hyllestad-ordføraren og Alfred Bjørlo åtvara mot å la visjonen om ein kystveg «svekke trykket på stamvegopprustinga». Eg har tre ting å sei om E39:

1. E39 er eit hovudsamband frå Kristiansand til Trondheim, som blei vedteke for å realisere visjonen om ein stamveg gjennom den økonomisk viktige kystregionen på Vestlandet. Kyststamvegen er i ferd med å bli ein realitet, bortsett frå i Sogn og Fjordane.

Trasevalet blei vedteke av Stortinget i 1995 der eit fleirtal gjekk bort frå «kyststamvegvisjonen» mellom Bergen og Ålesund, truleg for å komme rimelegast mogleg gjennom Sogn og Fjordane ved berre å skifte vegnummer på gamle RV14. (Den einaste partigruppa som helt fast på kystlinja gjennom heile Stortingshandsaminga var faktisk Senterpartiet.)

Dei som arbeider for kystveg mellom Bergen og Ålesund, har akseptert at det er Stortinget som bestemmer sjølv om dei av og til gjer uheldige vedtak. Samarbeidet for Kystvegen Ålesund–Bergen som blei organisert for ca. 10 år sidan, har gong på gong presisert at dei er ikkje ute etter verken omkamp eller ein konkurrerande stamveg, men eit gjennomgåande samband langs kysten for likevel å få nokre av dei positive verknadene som kyststamvegen skulle gi og som ein har fått til nord for Ålesund og sør for Bergen.

2. E39 er i god framdrift. Det er ingen fare for at arbeidet for ein kystveg skal utfordre E39 sin plass i NTP og vegbudsjetta i åra framover. E39 er no solid forankra i NTP og dei årlege vegbudsjetta. Den sitjande regjeringa kjem til å fullføre opprustinga av E39 også gjennom Sogn og Fjordane.

3. Det blir ikkje ein cm meir E39 om ein legg bort Kystvegen. Dei spelar ikkje i same divisjon, så å seie. Konkurrentane til E39 er mange, men kystvegen er ikkje ein av dei: E16 mellom Bergen og Voss, E16 over Filefjellet, RV52 over Hemsedal, RV13 over Vikafjellet, RV15 over Strynefjellet og alle andre riksvegar i landet.

Må snu blikket: Ein ny ytre kystveg vil knyte Sogn og Fjordane til sterke vekstsenter både nord og sør for oss, som igjen vil gje oss store gevinstar i form av nye arbeidsplassar og folketalsvekst, skriv Eivind Hjellum. (Illustrasjonsfoto) Bildetekst

Må snu blikket: Ein ny ytre kystveg vil knyte Sogn og Fjordane til sterke vekstsenter både nord og sør for oss, som igjen vil gje oss store gevinstar i form av nye arbeidsplassar og folketalsvekst, skriv Eivind Hjellum. (Illustrasjonsfoto) Bildetekst

Fylket har ikkje noko kvote på riksvegmidlar som vi skal dele mellom oss. Det er staten som løyver og staten som prioriterer. Sidan forvaltningsreforma i 2010 har det ikkje vore løyvd ei einaste statleg vegkrone vest for E39. 

Det er forståeleg at ulike regionar kjempar for eigne interesser, men det er lite imponerande å motarbeide naboane sine interesser. Her har kommunane i resten av fylket mykje å lære av indre Sogn som har halde saman i (nesten) alle vegkampar og fått full utteljing, utan å motarbeide kvarandre.

Førde har alt å tene på vekst i omlandet, uavhengig av noverande eller framtidige kommunegrenser

Eivind Hjellum

Særleg skuffande er det dersom kommunane langs E39 ikkje greier å støtte Kystvegen Ålesund–Bergen. Førde har alt å tene på vekst i omlandet, uavhengig av noverande eller framtidige kommunegrenser. Hyllestad er ein av dei kommunane som vil ha størst nytte av kystvegen. Dei faglege analysane som blei gjort om verknaden av Kyststamvegen konkluderte at ei ytre line ville få særs positive verknader i alle kommunar den går gjennom, «mest i ytre Sogn og på Sunnmøre».

For næringslivet i Hafs vil det vere særs nyttig å få eit godt internt samband i regionen og samband til Mongstad, Florø, Måløy og søre Sunnmøre. Den største verksemda i HAFS-regionen har viktige funksjonar både i Hyllestad og Herøy. Å reise mellom Leirvik og Fosnavåg via indre Nordfjord er ikkje eit godt alternativ. Verksemda har heile tida støtta arbeidet for Kystvegen. Det er oppsiktsvekkjande om ikkje ordføraren støttar næringslivet i eigen kommune.

Ikkje lenge etter at vi starta arbeidet med Kystvegen, deltok dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete på ein Kystvegkonferanse i Florø. Ho var spesielt imponert over semja mellom kystkommunane, «når ein hugsar krigane som har vore», som ho sa det. Denne semja er det viktigaste som organisasjonen Kystvegen Ålesund–Bergen har oppnådd. Ikkje alle er like glade for det. For andre regionar i fylket var det greitt at kystkommunane krangla: For Dalsfjordbru, mot Dalsfjordbru osv. så kunne vegpengane brukast andre stader. Eg har nok rekna med at det vil bli gjort framstøyt for å splitte denne semja og eg ser ikkje bort frå at det er slike lyster som ligg bak «spissinga av vegkampen inn mot E39 – vil ikkje ha konkurranse frå Kystvegen» slik Firda refererer frå ordførarmøtet. Men eg hadde ikkje rekna med at ordføraren i Hyllestad skulle gjere seg til talsmann for slike krefter.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags