Cruiseskipet Hamburg hadde fått avslag då det søkte om kaiplass for ein månads tid sidan. Bystyret har bestemt at maks fire cruiseskip kan leggje til, men då må eitt av dei bruke landstraum. Hamburg ville vorte det fjerde utan landstraum, skriv Bergens Tidende.

Cruiseagent Kim Andre Angeltveit i Nordic Gateway kom opp med ei kreativ løysing om å bruke eit privat kaianlegg på Laksevåg. Det sa Kystverket nei til, fordi anlegget ikkje hadde godkjende sikringstiltak. Med eit cruiseskip på veg mot hansabyen tysdag søkte Angeltveit på nytt om plass hos Bergen Havn. Igjen var svaret nei; det var fullt i hamna.

Angeltveit meiner Bergen hamn har brote den lovpålagde plikta til å ta imot skip som ønskjer det. Han vurderer å krevje erstatning. Eit eventuelt krav vil inkludere erstatning til passasjerane som ikkje fekk hamneanløpet dei var lova.

Hamnedirektør Ulrik Jørgensen erkjenner at bystyrevedtaket kan komme i konflikt med kravet i lova, men seier det ikkje var plass då Hamburg nærma seg Bergen.

– Eit fjerde anløp utan landstraum ville ikkje vore i tråd med det vedtekne cruisetaket til bystyret. Men vi ser at hamna formelt sett hadde ei mottaksplikt her om vi hadde hatt ledig plass, seier han.

Jørgensen seier Hamburg fekk tilbod om å gå til land seinare på dagen, men då hadde skipet segla sørover.

(©NPK)